Aktuelt

Tøff 3-dagers tur

Fredag 20. juni 2014 (11:15) la vi ut frå fergjekaia på Værlandet med fullasta kajakkar, strålande solskin og frisk nordavindsbris i ryggen. Bak oss kneisa Alden – Den norske hest, og ønska oss god bør. Brede glis hos alle, og vi smaug oss langs med Værlandets ruglete berg. Ein havørn sigla makeleg over oss og en selunge undra seg over dei slanke skroga som glei lydlaust forbi. Før vi slapp oss over mot Ospa, gikk vi mot vest til vi såg ut til Bulandet. Yre over medbølgjer tok vi likevel ein rast og sjokoladebit ved Ospøytåa, eit lite skjær nordvest for Ospa (13:15). Best å ete ofte på ein slik tur. Diskusjon over vær og vind og mål for dagen. Skulle vi våge oss til Utvær fyr lengs vest i havet allereie i dag?

Full rulle i kajakk

I juni var Fylkesmagasinet med oss på trening. Øyvind J. Korsøen er tidlegare landslagsutøvar i padling. Han har jobba med fiskevelferd på Havforskningsinstituttet i Matre. No skal han konsentrere seg om vestlendingen og ein annan type velferd. Ute i Førdefjorden…