Kajakkskole i Førde og sommerleir i Erdalsdalen

Kajakkpadling er moro, trening og gjer mange fine naturopplevingar.  Vi har kajakkar som passar perfekt for born og ungdom. Go’Kajakk vil gje grundig opplæring i korleis padle og bruke ein kajakk på ein sikker måte.

Veke 25: i Førde (oppmøte i naustet til Sunnfjord Kajakklubb på Øyrane)

Kurset varer 4 dagar: mandag – torsdag: kl 10 – 15.  Det er 10 plassar, passar for born 9-14 år. Pris kr 1750,- (1500 for sysken)

 

Veke 33: i Førde og Erdalsdalen
I år prøver noko nytt: Kajakk-og sommarleir i Erdalsdalen.

Vi har eit småbruk i Erdalsdalen, og vil sette opp ein stor lavo der. Her vil det bli matlaging og overnatting frå mandag til torsdag. Første del av dagen blir i kajakk på fjorden, og deretter sykler vi frå stranda i Erdalen, 2km inn i Erdalsdalen. Der lagar vi mat, går tur på Støylen eller finn på ting rundt på garden. Dei som ikkje vil overnatte kan bli henta på kvelden (ca 8 km frå Førde sentrum). Dette er for born/ungdom, 12-15 år.

Leiren varer 4 dagar: mandag kl 10 til torsdag kl 15.  Det er 10 plassar. Pris kr 3750,- (3500 for sysken)

 

Registrert betaling gjeld som påmelding. Meir info vert sendt ei veke før start.

Påmelding

DCIM100GOPRO